Torsdag 22. mar 2018 kl. 19:30

Releaseturne: Fretless Five

Kunsthuset Kabuso / Kunsthuset Kabuso
Øystese

Torsdag 22. mars kl 19.30 kan du lada opp til palmehelga med øystesebassisten Martin Ulltang og resten av kvintetten Fretless Five i Kabuso!

Fretless Five er ein oslobasert jazzkvintett med utspring frå NLA Høgskolen Staffeldtsgate.
Bandet spelar eigen musikk som ofte er riffbasert og drivande, men set óg fokus på det vakre og lyriske med både arrangerte delar og lengre improviserte strekk.

Fretless Five er:
Henrik Lillehaug (gitar)
Fredrik Svabø (gitar)
Martin Ulltang (bass)
Runar Netland (trommer)
Edvard Synnes (keyboard)

Fretless Five er ein fremmadstormande kvintett på den nye norske jazzscena. Etter eit innhaldsrikt 2017 med bl.a. Kongsberg Jazzfestival, ei rekke konsertar og studioinnspeling, er kvintetten no klare med sitt debutalbum og releaseturné. Musikken tar utgangspunkt i den moderne jazzmusikken med retning mot det progressive og røffe fra fusion og rock.

Ny EP kalla Fretless Five, ute 12. januar 2018
Finst på Spotify, Tidal og iTunes.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev