Søndag 25. feb 2018 kl. 20:00

Bobby Broom

Jølster Jazzklubb / Skei Hotel
Jølster

Bobby Broom

Bobby Broom blei fødd i Harlem i 1961 og vaks opp på Upper West Side i NYC. Alt som tolvåring begynte han å studere gitar, og i starten var det folk-music som var sjangeren. Etter ei tid blei det meir og meir jazz, og alt fem år seinare gjorde han sin første konsert saman med Sonny Rollins og Donald Byrd i Carnegie Hall. Han har turnert og spelt inn plater med Rollins i fleire periodar. I sine tidlege år spelte Bobby også med ei rekke kjende størrelsar som Art Blakey, Tom Browne, Hugh Masekela, Al Haig og Walter Bishop Junior. Han blei rangert som ein av dei beste gitaristane i Down Beat-magasinet si årlege kritikarkåring tre år på rad frå 2012 til 2014. Forbilde og inspirasjonskjelder har vore namn som Wes Montgomery, George Benson og Pat Martino. På konserten i Jølster spelar han saman med solide norske musikarar.

Bobby Broom – gitar
Magne Thormodsæter – bass
Håkon Mjåset Johansen – trommer

Billettar får du kjøpt i TicketCo: https://jj.ticketco.events/no/nb/e/bobby_broom

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev