trude og gråsida 2

Hva skjer, Trude Storheim?

Festivalsjef i Vossa Jazz, Trude Storheim, har en travel førjulstid med festivalplanlegging og programslipp gjennom Vossa Jazz’ tradisjonsrike Jolakalender.

Av: Camilla Slaattun Brauer

15.12.2015 Skriv kommentar

Festivalsjef i Vossa Jazz, Trude Storheim, har en travel førjulstid med festivalplanlegging og programslipp gjennom Vossa Jazz’ tradisjonsrike Jolakalender.

Hva driver du med om dagen?
Her går det i jolakalender både for store og små. Eg har sjølvsagt laga kalender til mine to små heima, men også me vaksne må vel få litt moro kvar dag i desember? Det har Vossa Jazz løyst ved å sleppe deler av programmet som ein jolakalender,  for åttande år på rad slepp med ein ny artist/band kvar dag.

I gang med noen nye prosjekt du har lyst til å dele med oss?
Mange! No slepp me jo programmet til neste års festival og me har mellom anna avslørt tre nye tingingar! Nils Økland skal skriva det 35. Tingingsverket, men også Stein Urheim og Gabriel Fliflet kjem til Voss med ny musikk i Palemehelga neste år. I tillegg har me jo mange andre prosjekt, hald deg oppdatert på heimesida vår, www.vossajazz.no!

Hva er planene fremover?
Det er å feira jol og vera mest mogeleg ute og på ski! Etter jol skal jo også programmet i trykken og den operative delen av festivalen vert sett i gang, så det er ingen grunn til å frykta kjedelege dagar i det nye året heller..

Høydepunkter fra året som gikk?
For meg er alltid årets høgdepunkt Vossa Jazz, det er jo det eg jobbar fram mot og gler meg intens til! Ellers kosar eg meg glugg på Nattjazz i mai, der får eg tid til alt eg ikkje får tid til på Vossa Jazz nemleg å henga ut og slappa av medan eg er på konsert.

En konsert du vil anbefale?
Live Maria Roggen skal framføra årets Tingingsverk i Kulturkirken Jakob i Oslo laurdag 6. januar, den vil eg anbefala alle som har høve til å få med seg!

Sjekk ut www.vossajazz.no for kalendar med programsleppp

Velkomen til Voss og Vossa Jazz 18.-20 mars 2016, folket kan varma opp med denne medarbeidarfilmen frå jubileumsfestivalen i 2013:

Skriv kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Tilbake til toppen

Design og kode | Dekode