OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Hva skjer, Hilde Marie Holsen?

Hilde Marie Holsen ble uteksaminert fra NMH samtidig som hun platedebuterte med kritikerroste «Ask» ifjor vår. Fremover spiller hun på blant annet 12Points, Oslo Jazzfestival og Verona Jazzfestival, og 13. oktober spiller hun sin første solokonsert i hjembygda under Jazz på Jølst.

Av: Camilla Slaattun Brauer

16.06.2016 Skriv kommentar

(foto: Ruben Olsen Lærk)

Hilde Marie Holsen ble uteksaminerts fra NMH samtidig som hun platedebuterte med kritikerroste «Ask» ifjor vår. Fremover spiller hun på blant annet  12Points, Oslo Jazzfestival og Verona Jazzfestival, og 13. oktober spiller hun sin første solokonsert i hjembygda under Jazz på Jølst.

Hva driver du med om dagen?
Eg har nett avslutta skulekorpssesongen med huskonsertar og sommarfestar med elevane mine, og nærmar meg dermed noko som kan likne på sommarferietilstand. Eg planlegg å bruke den til å lese bøker, høyre på musikk og øve inn nokre nye triks til dei neste konsertane mine.

I gang med noen nye prosjekt du har lyst til å dele med oss?
Fleire – eg hadde nyleg debutkonsert med Gro Marie Svidal på hardingfele, vi improviserer begge to, og eg får lov til å prosessere hardingfela, samstundes som eg óg prosesserer meg sjølv på trompet. Det blir ein del fine og nye klangar av det, så eg håpar vi får til fleire konsertar med dette prosjektet framover. Eg spelar óg i duo med Magnus Bugge på analog synthesizer, han improviserer svært smakfullt, og dukkar stadig opp med nye triks i ermet. Vi planlegg ein tur i studio til hausten, så satsar på det blir eit album av det på sikt.

Hva er planene fremover?
Eg har mange planar for den komande tida,men dei mest konkrete er diverse spelejobbar. I sommar skal eg mellom anna spele på 12points i San Sebastian, det gler eg meg veldig til! Vidare skal eg spele på Oslo Jazzfestival både solo og med Morten Qvenild, så blir det ein tur til Verona Jazzfestival med Food, før min første solokonsert i heimbygda under Jazz på Jølst.
Elles prøvar eg å vere flink til å oppdatere heimeside/facebook på komande planar, så følg gjerne med der:
www.hildeholsen.com
www.facebook.com/hildemarieholsen

Høydepunkter fra året som gikk?
Året som har gått har eigentleg vore eit einaste stort høgdepunkt, det starta med uteksamineringa frå Norges Musikkhøgskole på Nasjonal Jazzscene i mai i fjor, som óg var platesleppet for debutplata mi Ask. Vidare var det veldig kjekt at Ask fekk så mange gode kritikkar frå inn- og utland, det kom veldig uventa på meg. Eg er veldig takknemlig for å ha blitt invitert til å spele på festivalar som har vore på mi drøymeliste i mange år, og dei ulike musikarane som har villa spele med meg.

En konsert du vil anbefale?
No går vi jo straks inn i den store festivalsesongen, så eg vil gjerne anbefale ein festival. Førdefestivalen er ein festival eg har arbeidd frivillig på i mange år, og som det alltid er kjekt å vende tilbake til. Dei presenterer folkemusikk og verdsmusikk av høg kvalitet, der noko av spenninga for min del ligg i å gå på første og beste konsert utan å sjekke ut musikken på førehand. Eg opplever at festivalen er dyktige på å setje saman eit program der publikum får ei god musikalsk oppleving nesten uansett kva konsertar vi vel å gå på. Dei musikalske uttrykka spenner vidt, og utøvarane som kjem er blant dei beste frå sine respektive land. Som frivillig artistkontakt får eg i tillegg moglegheit til å verte kjend med musikarane som kjem, det var mellom anna slik samarbeidet med Gro Marie Svidal kom til.

Plateanbefaling?
Her er det mykje å ta av, men Frøy Aagre sine plater Countryside og Frøy Aagre Electric har vore trufaste tonefølgje i mange år, og er stadig noko eg kan finne på å vende tilbake til. Av nyare plater, vil eg anbefale Erlend Apneseth Trio – Det andre rommet, Food – This is not a miracle, Maja S. K. Ratkje – Crepsucular Hour, Michel Banabila & Oene van Geel – Music for viola and electronics. Eg har berre høyrd smakebitar av Stian Westerhus si nyaste plate Amputations, men gler meg til å lytte skikkelig til den snart.

Skriv kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Tilbake til toppen

Design og kode | Dekode