Lørdag 15. okt 2016 kl. 22:00

Wild Things Run Fast – Jazz på Jølst 2016

Jølster Jazzklubb / Thon Jølster Hotel, Skei
Jølster

WILD THINGS RUN FAST

I 2013 fylte Joni Michell 70 år. Same året bestemte vokalist Siril Malmedal Hauge seg for å setje saman eit band som kunne spele dei vakre låtane til Joni.

Saman med musikarar frå jazzlinjene i Trondheim og Oslo har ho plukka ut ei handfull låtar som dei spelar både i ny og gammal drakt. Mitchells musikk er ei blanding av folk, pop og jazz med fantastiske tekstar. Konserten bør glede både dei som har høyrt musikken før, og dei som ikkje har det – enno.

Siril Malmedal Hauge – vokal

Martin Myhre Olsen – saksofon

Torgeir Hovden Standal – gitar

Kjetil André Mulelid – piano

Martin Morland – bass

Henrik Lødøen – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev