Lørdag 28. mar 2015 kl. 13:00

Vossa Jazz

Vossa Jazz / Vossajazz
Voss

Klar for årets vakraste påskeeventyr?

Palmehelg betyr Vossa Jazz, og det har det gjort sidan 1973. Snøen ligg lenge på Voss, men inne er det godt og varmt – og kven har noko i mot litt påskesol i hotellveggen? Viktigast av alt: for 42. gong får du servert det aller ypparste innan jazz, folkemusikk og verdsmusikk frå morgon til kveld. Festivalen er kjent for å vera spennande, livleg og ikkje minst nyskapande – kvart år blir eit spesialskrive Tingingsverk framført, i tillegg til fleire urframføringar. Det blir musikk for born og vaksne med fellesnemnarane: svingande, kokande, rørande, mektig, morsomt, fint, stilig, virtuost, groovy!

Få med deg artistar som Manu Katché, The Savage Rose, Tingingsverket med Live Maria Roggen, Thea Hjelmeland, Erlend Skomsvoll, Ellen Andrea Wang, In The Country m/ Frida Ånnevik, Sinikka Langeland, Real Ones m/Sigbjørn Apeland, Anneli Drecker, Fliflet Hamre & Bergen Big Band, og MASSE MEIR

Pris:

https://kundeportal.bt.no/bt-fordel/tilbud/vossa-jazz/

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev