Konsertkalender

«»
august 2017
MTOTFLS
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  

Tilbake til konsertkalenderen >

 

Legg til arrangement >

Torun Eriksen

22:30 8.april, 2017 | Vossa Jazz | Park | Voss, Vestnorge

Torun Eriksen er Noreg sitt svar på Joni Mitchell. Ho har ei av desse spesielle stemmene som ein aldri vert lei av å høyre på – den perfekte blandinga av distinkt særpreg, strålande teknikk og uanstrengt musikkglede.

Hausten 2016 gav ho ut sitt femte soloalbum på Jazzland Recordings, «Grand White Silk», saman med sin musikalske makkar, bassist Kjetil Dalland (Mari Boine, Vamp, Anneli Drecker). Albumet femner om kontrastar: Lys og mørke, liv og død, og det vesle mot det store vert utforska gjennom element av gospel, jazz, pop og vise. For fyrste gong har Eriksen òg inkorporert elektroniske element i sitt organiske og djupt personlege lydbilete. «Dette er ei melding om at Torun Eriksen framleis er favorittstemma mi, i feltet jazz og soul. Så nær og medlevande, uredd for å vise kjensler, med ei stemme som er unik», skreiv Roald Helgheim i Dagsavisen.

Torun Eriksen – vokal
Kjetil Dalland – el-bass, vokal
Jørn Øien – tangentar, vokal
Andreas Bye – trommer, vokal

www.toruneriksen.no

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

Tilbake til toppen

Design og kode | Dekode