Konsertkalender

Tilbake til konsertkalenderen >

 

Legg til arrangement >

Tomasz Stanko New York Quartet

15:30 9.april, 2017 | Vossa Jazz | Park, Vossasalen | Voss, Vestnorge

Den legendariske polske trompetisten Tomasz Stanko kjem attende til Vossa Jazz! Tre gongar har han vorte kåra til verdas beste trompetist i jazzbladet DownBeat. Stanko har spelt med namn som Jack DeJohnette, Bobo Stenson og Dave Holland i tillegg til å vera medlem i Cecil Taylor Big Band tidleg i karrieren.

I 2013 gav Stanko ut plata «Wislava» på ECM saman med ein ny konstellasjon av unge og talentfulle musikarar, kalla Tomasz Stanko New York Quartet. Plata fekk strålande kritikkar, og særleg vart det lagt merke til kor saumlaust gruppa kombinerer europeisk jazztemperament med amerikansk futt og kraft. «Stanko’s New York Quartet feels like the group he’s been searching for all along», skreiv All About Jazz i sin omtale av plata.

No i februar kjem ei ny plate på ECM frå Stanko og ei ny utgåve av denne kvartetten, og i april vitjar dei Vossa Jazz!

Tomasz Stanko – trompet
Alexi Tuomarila – piano
Rueben Rogers – bass
Gerald Cleaver – trommer

Tilbake til toppen

Design og kode | Dekode