Søndag 18. des 2016 kl. 18:30

SONDRE BRATLAND – “ROSA FRÅ BETLEHEM”

Bergen Jazzforum i samarbeid med Kjell Kalleklev Management og Vestnorsk Jazzsenter / Johanneskirken
Bergen

JULEKONSERT

SONDRE BRATLAND røyst IVER KLEIVE orgel KNUT REIERSRUD gitar PAOLO VINACCIA trommer, perkusjon

Årets julekonsert! Her får du kjente songar som «Mitt hjerte alltid vanker» og «Det hev ei rosa sprunge» tolka av ein unik kvartett. Sondre Bratland og Iver Kleive møttest allereie i 1982 til innspelinga av Pilegrimens sangbog – noko som var starten på eit heilt særeige uttrykk og eit vedvarande samarbeid. Grunnsteinen for dagens band vart lagt i Fødselskyrkja i Betlehem, der «Rosa frå Betlehem» vart spelt inn i 1992 – ei plate som har seld 60 000 eksemplar og blir rekna som ei av dei vakraste knytta til julebodskapet. Vakkert, høgtidsstemt og sakralt.

Gjennom dei siste 30 åra har Sondre Bratland markert seg som den viktigaste folkesongaren i Noreg. Han har gitt ut 13 soloalbum, medverka på 25 andre og han har halde konsertar i meir enn 600 kyrkjer frå Lindesnes i sør, til Finnmark i nord Religiøs folkesong er Sondre Bratland sitt spesialområde, men uttrykket spenner frå norsk kvedartradisjon til country. Han har vore med på å sprengje grenser mellom ulike musikksjangrar og slik gjort norsk folkesong tilgjengeleg for eit større publikum. Med seg har han eit stjernelag av musikarar: Iver Kleive er organist i verdsklasse med ein cv som strekkjer seg frå Olav Anton Thommesen til Carola, medan bluesasylant Knut Reiersrud kan trylla fram folkemusikk frå heile verda med gitarane sine. Bak trommene sit Paolo Vinaccia, kjent mellom anna frå Terje Rypdal, Jan Eggum, Jonas Fjeld og Arild Andersen forutan å ha spelt på godt over hundre plater.

Dørene åpner kl 18:00, konsertstart kl 18:30.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev