Søndag 09. apr 2017 kl. 20:00

Solveig Slettahjell – Knut Reiersrud – In The Country

Vossa Jazz / Park, Vossasalen
Voss

Samarbeidet mellom gullrøysta Solveig Slettahjell, jazzyndlingane i In The Country og gitarhelten Knut Reiersrud starta med ein konsert i Berlinfilharmonien våren 2014. Samarbeidet gav meirsmak, og plata ”Trail of Souls” kom ut hausten 2015. Saman har dei fem musikarane teke eit djupdykk i den afroamerikanske blues- og gospeltradisjonen. Resultatet er ei stilsikker blanding av musikksjangrar og fem unike stemmer sitt særpreg.

Solveig Slettahjell er godt kjent for Vossa Jazz- publikummet frå mellom Tingingsverket » Tarpan seasons» i 2009. Ho har eit fantastisk nærvær på scena og ei stemme av eit sjeldant kaliber når det gjeld kjensle og kraft. In the Country er mellom Noregs dyktigaste og mest spanande jazzgrupper. Knut Reiersrud er eit kapittel for seg sjølv – han har vore ein musikalsk tungvektar i ei årrekke. Dette er rett og slett eit meistermøte av ein konsert som ikkje ein bør gå glipp av!

Solveig Slettahjell – vokal
Knut Reiersrud – gitar
Morten Qvenild – piano
Roger Arntzen – bass
Pål Hausken – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev