Konsertkalender

Tilbake til konsertkalenderen >

 

Legg til arrangement >

Significant Time

14:30 9.april, 2017 | Vossa Jazz | Osasalen | Voss, Vestnorge

Significant Time er eit av dei mest spanande unge banda på den norske jazzscena. I 2016 gav dei ut debutalbumet sitt, med det fantastiske namnet Regnbueponniens significante påskesang! Men det er ikkje berre tittelen som er bra – musikalsk miksar gruppa klassiske komposisjonsideal med den frie og energiske 60-talsjazzen på ein svært overtydande måte. Her finn ein inspirasjon frå Ravel og Grieg side om side med Duke Ellington, Charles Mingus og Ornette Coleman.

I høve Vossa Jazz vil gruppa framføre eit nyskrive verk som tek utgongspunkt i Per Sivle sine Vossastubbar, som vart utgjevne i 1880- og -90-åra. Bandet vil freista å gjenskape den friske og ektefølte folkelege tonen som finst i stubbane til Sivle, i sitt eige leikne musikalske uttrykk. Her er det duka for ei flott, jazza revitalisering av eit stykke litterær Vossa-historie!

Øyvind Dale – piano
Signe Irene Time – vokal
Fredrik Luhr Dietrichson – bass
Raymond Lavik – trommer
Ida Løvli Hidle – akkordeon
Marius Klovning – gitarar

Tilbake til toppen

Design og kode | Dekode