Lørdag 08. apr 2017 kl. 20:00

Sheila Jordan og Cameron Brown

Vossa Jazz /
Voss

Sheila Jordan er ei av dei verkeleg unike stemmene i jazzhistoria. Ho vart fødd i Detroit i 1928, og fekk tidleg smaken på bebop-musikken som var populær på 40- og 50-talet. Ho var ein pioneer innafor scat-song, og var mellom dei fyrste som kombinerte scat med eit reint kontrabass-akkompagnement. Dette duo-formatet har ho kome tilbake til gjennom heile karriera si, mellom anna saman med Steve Swallow og vår eigen Arild Andersen. Til Vossa Jazz tek ho med seg den røynde kontrabassisten Cameron Brown, som mellom anna har spelt med Art Blakey, Chet Baker og Don Pullen/George Adams Quartet.

Jordan er ein artist som syng med hjarta, og som set historieforteljing, kjensle og formidling høgare enn teknisk briljans. Charlie Parker pleidde å introdusere henne som «the singer with the million ears», grunna hennar store evne til improvisasjon og samspel. Vossa Jazz er heldig som kan presentera ein ekte jazzpionér på Vossa Jazz 2017!

Sheila Jordan – vokal
Cameron Brown – kontrabass

www.sheilajordanjazz.com

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev