Fredag 05. mai 2017 kl. 21:00

ODDJOB

Bergen Jazzforum i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter / Sardinen Usf
Bergen

Svensk soul – Oddjob er tilbake!

GORAN KAJFES trompet PETER FORSS bass PER «RUSKTRÄSK» JOHANSSON altsaksofon DANIEL KARLSSON piano JANNE ROBERTSON trommer

Oddjob vart fødd i 2005 etter ei kjærleiksaffære mellom jazz og funk. Etter det har bandet tatt til seg ei heil rekkje sjangrar; afrobeat, latin, karibisk, og av og til antydningar til flamenco. Dette verdsfunkbrygget er friskt, festeleg og har med seg dei finaste svenskane landet har å by på. På «Clint» presenterer dei eigne jazzversjonar av låtar frå Clint Eastwood sine filmar, ei plate som fekk terningkast 6 i BT; på «Folk» er det den svenske folkemusikken som vert gjenoppdaga. Jazzoo gav dei Grammis 2014 for beste borneplate, med musikk som aktiverer både latter og dansefot. No er dei tilbake med meir funky sjel enn nokon gong. Puss danseskoa og gjer deg klar for ein supercool konsert.

Fotograf: Klara G.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev