Fredag 07. apr 2017 kl. 23:00

Mette Rasmussen Quintet

Vossa Jazz / Park
Voss

Dei siste åra har den danske saksofonisten Mette Rasmussen markert seg som eit av dei store talenta innanfor jazz og fri improvisasjon. Hennar intense og personlege fraseringar og evne til å skapa nye og spanande klangar med saksofonen har gjort henne bemerka både i Norden og ute i den store jazzverda.
Mette Rasmussen held til i Trondheim, og er ikkje ukjend for konsert- og festivalgjengarar i Noreg. Ho har mellom anna spelt med Chris Corsano, Alan Silva, Trondheim Jazzorkester og svenske Fire! Orchestra her til lands dei siste åra. På Vossa Jazz 2017 skal ho spela med ein kvintett ho har sett saman av drivande dyktige europeiske jazzmusikarar. Besetningen er noko utanom det vanlege: Med to trommeslagarar og to bassistar i ryggen ligg alt til rette for ei musikalsk oppleving som ikkje manglar rytme og driv!
Etter kvintetten sin konsert på Copenhagen Jazz Festival 2016 skreiv Berlingske: «Hvis nogle skulle tro, at freejazzen er et udpint kapitel, så blev det da lige fastslået, at den hårdtprøvede stilart hverken mangler nyt blod, publikum eller begejstring.»

Mette Rasmussen – saksofon
Torbjörn Zetterberg– bass
Raymond Strid– trommer
Paul Lytton – trommer
Ingebrigt Håkaer Flaten – bass

Konserten inngår i billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev