Konsertkalender

«»
august 2017
MTOTFLS
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  

Tilbake til konsertkalenderen >

 

Legg til arrangement >

Megalodon Collective + Any Ideas

21:00 17.mars, 2017 | Bergen Jazzforum i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter | Sardinen Usf | Bergen, Vestnorge

DOBBELTKONSERT

MEGALODON COLLECTIVE

MARTIN MYHRE OLSEN treblås KARL ‘KALLE’ NYBERG treblås PETTER KRAFT treblås KARL BJORÅ gitar AARON MANDELMANN bass ANDREAS SKÅR WINTHER trommer HENRIK LØDØEN trommer

Sjumannsorkesteret slo ned som ei bombe i norsk jazz då dei fekk Spellemannominasjon for debutplata i 2015. Ikkje overraskande trakk dei det lengste strået då Årets Unge Jazzmusikere 2016 skulle kårast. Bandet bobler av speleglede, humor og sjølvtillit etter turnear som har mottatt strålande kritikk og eit entusiastisk publikum. Megalodon Collective fann saman på jazzlinja i Trondheim, og musikarane er svært aktive på kvar sin kant, men finn saman i eit av Noregs mest spanande jazzensembler. Konserten i kveld markerer lansering av plate nummer to.

«Megalodon Collective framstår som et komplett band med fantastiske instrumentalister. Bandet har en utrolig forfriskende blanding mellom fullt anarki og fin struktur. De spiller supertight og skranglete på samme tid. Det er massivt og lekent og improvisasjonspartiene har en tydelig retning. Bandet er et sant musikalsk kollektiv og bandets navn buldrer fra havets prehistoriske dyp.» (Juryen si grunngjeving, Jazzintro)

ANY IDEAS

AMALIE HOLT KLEIVE vokal ØYVIND HEGG-LUNDE trommer SONDRE S. VELAND trommer JONAS FLEMSÆTER HAMRE saksofon

Sondre Veland, kjend frå Dobbeltgjenger, Major Parkinson og Ossicles mottok musikarprisen under Jazz I Sikte i fjor. No har han samla nokre av dei mest talentfulle musikarane i Bergen i same band – Amalie Holt Kleive (Modi, Pluto), Øyvind Hegg Lunde (Building Instrument, Erlend Apneseth Trio, Electric Eye) og Jonas Flemsæter Hamre (Liberty Pop, Molecus).

Saman utgjer dei Any Ideas der grenselaus improvisasjon beveger seg frå dystre droner til det nesten for glade og sprøe, på jakt etter det løynde i fri-improvisert musikk.

Tilbake til toppen

Design og kode | Dekode