Fredag 06. mai 2016 kl. 21:00

MARIUS NESET KVINTETT feat SVANTE HENRYSON

Bergen Jazzforum i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter / Sardinen Usf
Bergen

Skandinavisk meistermøte

MARIUS NESET saksofonar IVO NEAME tangentar JIM HART vibrafon, marimba PETTER ELDH kontrabass ANTON EGER trommer SVANTE HENRYSON cello

Marius Neset kombinerer trøkket frå Michael Brecker med ein Jan Garbarek-isk delikat tone. Når ein så legg til eit talent for å komponera kompleks men tilgjengeleg musikk, er det ikkje rart at han er ei ny superstjerne i norsk jazz. Han er enno tidleg i trettiåras, men har tatt Spellemann og vore nominert til Nordisk Råds Musikkpris. I tillegg til fast band, har han med seg Svante Henryson som er like komfortabel med elbass som cello og har eit uvanleg spenn i fortida si. Han har vore bassist i bandet til Yngwie Malmsteen, samarbeida med Anne Sofie von Otter og Elvis Costello, forutan å vera ein viktig person på den skandinaviske jazzscena, mellom anna i samarbeid med Kristin Asbjørnsen.

Dørene åpner kl 20:00, konsertstart kl 21:00

Konserten gjennomføres i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev