Lørdag 01. nov 2014 kl. 20:00

Gisle Torvik og Hardanger Big Band

Hardanger Big Band / Sandven Hotell
Norheimsund

Jazzgitaristen Gisle Torvik  og Hardanger Big Band, med musikalsk leiar Arild B. Nielsen i spissen, har konsert og plateslepp på Thon Hotel Sandven lørdag 1.november kl 20.00.

HBB og Gisle Torvik slår seg saman for å presentera ein konsert med heilt ny musikk. Publikum kan venta seg variert, melodiøs og rytmisk musikk, ispedd dynamisk og meditativ jazz, med gitaristen Torvik i fokus. Her får de storbandlåtar frå Torvik sine tidlegare plateinnspelingar, Frozen Moment og Tranquil Fjord, og nykomponert musikk som ikkje er framførd tidlegare, alt saman arrangert spesielt for HBB av Gisle.

Musikken er inspirert frå det vakre og skiftande fjordlandskapet i Hardanger. Komponisten og bandet forlèt den typiske «storbandsounden» på det dei mener er «ein musikalsk avstikkar» – og har funne sitt eige lyriske og varierte jazzutrykk.

HBB og Gisle Torvik har spelt inn denne nye musikken – og no har DU sjansen til å få med deg både konserten, og til å sikra deg denne fantastiske plata med storbandfjordjazz! Her vert det konsert, aperitiff, fingermat og til slutt svingar alle seg i dansen til musikk av Arnstein Klovning.  Vel møtt!

Pris:

Bill. kr 400,-

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev