Søndag 21. sep 2014 kl. 18:00

Karl Seglem Som spor

Vossa Jazz / Gamlekinoen
Voss

I samarbeid med Folkjazzscena til Førdefestivalen arrangerer Seglem lanseringsturne med tingingsverket til Vossa Jazz 2012 i september 2014. Med seg på spelferda har Seglem eit handplukka ensemble. På tre stader skal ensemblet også samarbeida med lokale korps der utvalde Seglem-komposisjonar blir framført i arrangement av Idar Torskangerpoll.

Karl Seglem er ein av dei mest spennande og nyskapande jazzmusikarane i Noreg. Stuart Nicholson i Jazzwise (UK) og Terje Mosnes i Dagbladet (N) har begge poengtert at ingen tek arven etter Jan Garbarek vidare på ein så personleg, kraftfull og eigenarta måte som Karl Seglem. Hans siste album NyeSongar.no (2013) har fått overstrøymande mottaking i utlandet og fleire internasjonale kritikarar peikar på at Seglem for alvor er iferd med å tre ut av skuggen til sin kollega. Seglem er tildelt norsk jazz si høgste utmerking, Buddyprisen. Han har motteke Edvardprisen, Egil Storbekkens Musikkpris, Luttprisen og er tildelt Folkelarmprisen i åpen klasse. Verket Som spor vart kåra til Årets verk av NOPA i 2012.
Seglem peikar på kor viktig det er at tingingsverk av denne typen får eit lengre liv enn ei urframføring, og er
takksam for at turneen er gjort muleg gjennom nye samarbeid festivalar imellom. Både Moldefestivalen, der ein
versjon av verket blir spelt 19. juli (Morgonspor), Vossa Jazz og Førdefestivalen samarbeidar altså om å få

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev