Fredag 07. apr 2017 kl. 20:30

Karin Krog og John Surman: «Infinite Paths»

Vossa Jazz / Gamlekinoen
Voss

Karin Krog, norsk jazz si fyrstedame, kjem til Vossa Jazz 2017 saman med John Surman!
Karin Krog og den engelske multi-instrumentalisten John Surman har hatt eit duo-samarbeid i ei årrekke, som omfatter fleire plater og eit utal konsertar. Dei tilhøyrer begge ein generasjon av europeiske musikarar som har arbeidd med å utvikla jazzen sin internasjonale horisont og var begge tidleg ute med å ta i bruk elektronikk i jazzsamanheng.
Karin Krog, som fyller 80 år i 2017, har vore ein av dei viktigaste jazzmusikarane i landet i ein mannsalder. For nokre år sidan feira ho faktisk 50 år som plateartist! Og snart vert det 50 år sidan ho byrja å samarbeide med Surman – dei spelte saman for fyrste gong i 1969. Det same året toppa dei begge kvar sin kategori i bladet DownBeat sine kåringar over årets beste jazzartistar.
Når ho så ofte har kome attende til Surman som samarbeidspartnar i alle desse åra er det fordi dei to har ein heilt unik musikalsk kjemi. Det fikk ein sist erfare på plata «Infinite Paths» frå 2016, som er utgangspunktet for konserten neste år. «Karin Krog har laget en av sine beste plater på lenge, full av eventyrlyst, skapertrang og fantasi», skreiv Morgenbladet i ein omtale. Me gler oss til å presentera denne stjerneduoen for Vossa Jazz-publikummet i april.
Karin Krog – vokal
John Surman – saksofonar, bassklarinett, tangentar
Paul Herwin – lydteknikk, elektronikk

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev