Lørdag 08. apr 2017 kl. 21:00

Ingrid Olava/ Andreas Ulvo Duo

Vossa Jazz /
Voss

Verdspremiere: Ingrid Olava og Andreas Ulvo presenterer sitt nye duoprosjekt på Vossa Jazz!

I snart ti år har Ingrid Olava berika musikk-Noreg med dyktig låtskriving, ei særprega stemme og vakkert pianospel. Sist gong ho spelte på Vossa Jazz var i 2010, då hadde ho nett sleppt suksessalbumet «The Guest», som mellom anna inneheld hiten «Warrior Song». Endeleg kjem ho attende, denne gongen saman med tangentmeisteren Andreas Ulvo, som mange har sett saman med mellom andre Mathias Eick Quintet, Ellen Andrea Wang, Karl Seglem og Solveig Slettahjell.

Olava og Ulvo har samarbeidd i ei årrekke, men no kjem dei saman i eit nytt prosjekt med fokus på stemma og flygelet. Dei har teke tak i sine «guilty pleasures» frå musikkhistoria, og alt frå jazz, folkemusikk, viser og 90-talspop er representert, i personlege og originale tolkningar. Hausten 2017 slepp dei sitt debut-album, men den fyrste live-framføringa av repertoaret skjer på Vossajazz 2017!

Ingrid Olava – vokal
Andreas Ulvo – tangentar

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev