Fredag 07. apr 2017 kl. 16:00

ILMOI

Vossa Jazz /
Voss

ILMOI er ein trio med sterke finsk-ugriske røter, farga av nordiske tradisjonar. Musikken deira består av lange meditative strekk i pakt med eldgamal finsk musikkjensle, men er òg prega av tett rytmisk samspel. Songane er både sterke og vàre, røffe og emosjonelle, klåre og luftige, og tek alle desse trekka ut i det ekstreme. Det vert sunge med tre stemmer og på ulike språk. Dei tre musikarane går på det fellesnordiske studiet Nordic Master in Folk Music som Ole Bull Akademiet på Voss er ein del av.
Anna Fält – vokal
Joonas Ojajärvi – cister, vokal
Jenni Venäläinen – kantele, vokal

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev