Fredag 07. apr 2017 kl. 22:00

Highasakite

Vossa Jazz / Park, Vossasalen
Voss

Highasakite er kanskje Noregs største band akkurat no. Det fantastiske tredjealbumet deira, Camp Echo (2016), har fått femmarar og seksarar over heile fjøla, og vart sluppe på eit tidspunkt då forrige plate, Silent Treatment (2014), framleis låg på lista over bestselgande album i Noreg! Dei set standarden for popmusikk både kommersielt og kunstnarleg: Dei viser at utfordrande og kreativ kvalitetsmusikk kan nå ut til massene. Ingrid Helene Håvik og bandet tyr ikkje til billege triks for å hamna på listene – musikken deira er ein intelligent blanding av fengande pop, mørk elektronika og eksperimentell samtidsmusikk. Saman med artistar som Susanne Sundfør, Aurora og Robyn er dei heilt i bresjen for spanande, nordisk kvalitetsmusikk av internasjonalt kaliber, som fungerer like godt på dansegolvet som på radioen og platespelaren.
Highasakite er eit framifrå liveband, og 11. desember spelar dei på Nobelpriskonserten i Oslo. 7. april kan du oppleva dei på Voss!

Ingrid Helene Håvik – vokal
Marte Eberson – synth, vokal
Øystein Skar – synth
Kristoffer Lo – gitar, perkusjon
Trond Bersu – trommer

Konserten inngår i billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev