Mandag 01. sep 2014 kl. 20:00

Excess Luggage

Jølster Jazzklubb / Påfyll Jølster
Jølster

Excess Luggage er eit av Norges tyngste band, med Hammondorgel B3, piano og trommer! Bandet har spelt fleirfoldige konsertar i inn- og utland, og vi får høyre nyaste versjon av kjende og ukjende låtar. Repertoaret består av eigne låtar og jazz-standards som blir spelt med ein improvisert tilnærming, noko som gjer at ingen konsert blir lik. Det er grunn til å vente swingande groov og leikande samspel av svært velrenommerte musikarar.

Jølster jazzklubb introduserer ei ny scene til denne konserten: «Påfyll Jølster» på Ålhus, og det i seg sjølv er spennande! «Påfyll Jølster» er ein nyetablert kafé og pub som vi har tru på kan egne seg som intimscene for mindre band. Vi gler oss!

Vigleik Storaas – piano Steinar Sønk Nickelsen – hammondorgel Håkon Mjåset Johansen – trommer

Hjarteleg velkommen!

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev