Lørdag 13. feb 2016 kl. 20:00

Erlend Apneseth Trio

Jølster Jazzklubb / Løa Jølstraholmen
Jølster

Erlend Apneseth slepper si andre plate «Det andre rommet» den 5. februar, og det er heilt naturleg at Jølster jazzklubb arrangerer platesleppkonsert med han og trioen hans heime i Jølster.

Erlend Apneseth er ein av landets fremste unge felespelarar, med fleire prisar og ei lang rekke samarbeid i ulike sjangrar bak seg dei siste åra. Han mottok Grappas Debutantpris i 2012 og gav året etter ut debutplata «Blikkspor» til strålande kritikkar frå både norsk og internasjonal presse.

No har Erlend utvida samarbeidet med trommeslagar Øyvind Hegg-Lunde (Building Instrument, José González) og Stephan Meidell (Cakewalk, Krachmacher), som også bidrog på debutplata. Dei slepp si første plate under navnet Erlend Apneseth Trio på jazz / impro-selskapet HUBRO 5. februar 2016.

Om trioen live seier allaboutjazz dette:
“Like poets, Apneseth, Hegg-Lunde and Meidell conveyed a compelling story with a spare vocabulary whose every syllable and every grammatical twist carried weight. A trio to watch out for.” Ian Patterson, allaboutjazz.com

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev