Torsdag 02. jun 2016 kl. 19:30

Ellen Bødtker og Jan Erik Vold – Sommeren der ute

Fryd Scene / Kulturhuset
Ål

Ål kulturhus og Fryd scene presenterer: Jan Erik Vold, Ellen Bødtker, Arve Henriksen & Eirik Raude – Sommeren der ute

Gje lyrikar Jan Erik Vold ein mikrofon og ein scene, og han hadde gitt deg ein jazzkonsert tilbake.
Sjølv åleine på scenen, er han ein musikar av ein opplesar.

Vold er likevel så ettertrakta at han sjeldan treng musisere einsam. På merittlista står samarbeid med legendariske musikarar som Chet Baker, Jan Garbarek, Bill Frisell og mange fleire. Dei siste åra har poeten spelt saman med Ellen Bødtker (harpe), Arve Henriksen (trompet) og Eirik Raude (trommer).

I haust resulterte samarbeidet i albumet Sommeren der ute. Med dette materialet greier dei garantert å blåse frosten ut av hallingane ein kveld tidlig i juni.

Open bar/kafe på Ål kulturhus før konserten.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev