Fredag 10. okt 2014 kl. 20:00

COME SHINE på Jølst

Jazz på Jølst / Skei Hotel
Jølster
Come Shine er eit av dei heitaste namna i norsk jazz for tida. Etter å ha hatt pause nokre år slapp bandet albumet  “Red and gold” i vår, og kritikarane har overgått kvarandre med ovasjonar til albumet. Bandet spelar standardlåtar i ei moderne innpakning, noko som gjer at låtane høyrest unike og friske ut.
 
«Truleg samlar ein gjeng avlidne låtskrivarar og tekstforfattarar seg og applauderer høglydt kvar gong Come Shine går på scena» (Avisa Hordaland)
 
Bandet består av:
Erlend Skomsvoll – piano og arrangement
Live Maria Roggen – vokal
Sondre Meisfjord – bass
Håkon Mjåset Johansen – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev