Konsertkalender

«»
august 2017
MTOTFLS
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  

Tilbake til konsertkalenderen >

 

Legg til arrangement >

Club Montmartre

23:59 7.april, 2017 | Vossa Jazz | Park | Voss, Vestnorge

Club Montmartre er Malika Makouf Rasmussen sitt nye klubbkonsept som debuterer under årets Vossa Jazz! Prosjektet er inspirert av, og tek utgangspunkt i, den fantastiske bydelen Montmartre i Paris, der Rasmussen sjølv bur.  Som ein tilhaldsstad for menneske frå alle verdas hjørne har bydelen historisk sett vore ein smeltedigel og kunstnarisk yngleplass med høg urban puls og internasjonal atmosfære. Club Montmartre har latt seg inspirere av denne arven og skal vera ein dynamisk straum av impulsar frå heile kloden, der både tung rytmikk og minimalistiske rørsler sirklar inn kontrastar og harmoniar gjennom ulike instrument, elektronikk og vokal.
Rasmussen har bakgrunn som mellom anna musikar, komponist og arrangør. Hennar musikalske trådar spinn frå Afrika via Midtausten attende til Vesten i sin grensesprengande og nyskapande musikk. Om det finst ein raud tråd i hennar mange prosjekt må det vera utforskinga av møter mellom ulike kulturar. På scena under Vossa Jazz har Rasmussen invitert med seg utøvarar som kvar og enkelt har eit særeige sound med trådar til all verdas kulturar. Gjer deg klar for at  Montmartre inntek Vossevangen!

Malika Makouf Rasmussen – gimbre, bass, perkusjon
Wei Ting Zeng – cello, elektronikk
Dahir Eebo Doni – beats
Luis Landa-Schreitt – trommer, perkusjon
Kristin Asbjørnsen – vokal
Busi Ncube – vokal, mbira

www.malikamakoufrasmussen.com

Konserten er ein del av billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

Tilbake til toppen

Design og kode | Dekode