Torsdag 17. nov 2016 kl. 20:00

Christina Dahl Kvartett

Jølster Jazzklubb / Thon Jølster Hotel, Skei
Jølster

Roald Helgheim, Dagsavisen:

På eit tidlegare album stod den danske saksofonisten Christina Dahl fram i eit tigersprang på omslaget. På det siste albumet «Life’s Carousel» er framtoningen mindre militant, men med musikken sin fyller ho eit stort album i band med Nicklas Knudsen på gitar, Jesper Lundgaard på kontrabass og Espen Laub von Lillienskjold på trommer. Tidlegare har ho også samarbeidd med Marilyn Mazur, og ho har skrive dei åtte låtane som ho med stor kraft framfører på tenorsaksofon.

Vi får vite at bandet på grunn av brann i studio måtte evakuere til eit hus på landet, noko musikken ikkje har teke skade av. Låtane spenner over eit vidt spekter, Dahls saksofonspel har ein eigen patos i seg, den framifrå gitaristen Niclas Knudsen kjenner vi frå fleire band, og trommeslagar Jesper Lundgaard er ein sikker gjest på norske jazzscener. I 2010 debuterte Christina Dahl med albumet «Now Is Now», og med «Life’s Carousel» leverer ho sitt truleg beste album.

Christina Dahl – saksofon
Niclas Knudsen – gitar
Jesper Lundgaard – kontrabass
Espen Laub von Lilienskjold – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev