Konsertkalender

«»
august 2017
MTOTFLS
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  

Tilbake til konsertkalenderen >

 

Legg til arrangement >

Bushman`s Revenge

21:00 7.april, 2017 | Vossa Jazz | Park | Voss, Vestnorge

«Jazz, fritt etter hukommelsen», heiter den nyaste plata til Bushman’s Revenge. Tittelen er treffande – dette er ikkje karar som samvitsfullt spelar etter støvete noteblad. Bushman’s Revenge spelar jazz slik Jimi Hendrix ville gjort det: Energisk, fritt, groovy og med Marshall-forsterkaren skrudd på full pinne. Dette er jazz for dei som likar jazz og elskar rock!
Noreg er velsigna med mange band som revitaliserer jazz-musikken med inspirasjon frå prog, rock og metal, som til dømes Jaga Jazzist, Shining, Hedvig Mollestad Trio og Elephant9. Bushman’s Revenge er særs produktive pionerar i dette sjangermøtet: Dei har gitt ut ni album dei siste ni åra, og klarer kvar gong å laga spanande og levande musikk som reinskar opp i øyregangane. Vossa Jazz gler seg til å presentera denne tøffe trioen!

Even Helte Hermansen – gitar
Rune Nergaard – bass
Gard Nilssen – trommer

Konserten inngår i billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billette til berre denne konserten.

Tilbake til toppen

Design og kode | Dekode