Torsdag 06. nov 2014 kl. 20:00

Bø Jazzklubb og Telemarkfestivalen presenterer: REVOLVER

Bø Jazzklubb / Vertshuset
Bø i Telemark

REVOLVER
Torsdag, 6. november 2014
Vertshuset, kl. 20:00 (konsertstart kl 21:00)
Billettpris 100,-/150,-/ 200,-

Obs! Studenttilbud – 100 kr!

Revolver er to musikarar framfor kvart sitt forsterkaranlegg. Ut kjem kompromisslaus musikk med særpreg og kraft. Daniel Sandén-Warg og Anders Røine vaks begge opp som rockemusikarar. I dag er dei av dei mest anerkjende folkemusikarane i Noreg og i Revolver møtes desse to universa: Hardingfele, langeleik, moraharpe og munnharpe spelt med folkemusikkens intensitet og med rockens lydstyrke. Med inspirasjon frå den nye generasjonen folkemusikarar frå Mali spelar Revolver tradisjonsspelet frå Setesdal og Valdres på sin eigen måte. På dei tradisjonelle instrumenta og med all råheita som ligg der frå gamalt av rytme og tonalitet. Men i ei formidlingsform tilpassa dagens festival- og klubbscener.

I samarbeid med Telemarkfestivalen.

Anders Erik Røine – langeleik, munnharpe, gitar
Daniel Sandèn-Warg – hardingfele, moraharpe

Velkommen! 

Mvh,
Bø Jazzklubb
bojazzklubb@gmail.com

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev