Konsertkalender

Tilbake til konsertkalenderen >

 

Legg til arrangement >

Benedict Maurseth og Jasser Haj Youssef

17:00 9.april, 2017 | Vossa Jazz | Vangskyrkja | Voss, Vestnorge

Benedicte Maurseth og Jasser Haj Youssef møttest for fyrste gong på ein festival i Sardinia i 2014. Der gjorde dei sin fyrste konsert saman, utan noko anna øving enn samtale og ein symjetur – arrangøren ville ha det slik. Maurseth har aldri gløymt dette musikalske møtet, og no møtast dei att for ein konsert på Vossa Jazz 2017.

– Eg gler meg til at publikum på Vossa Jazz skal få oppleve Jasser Haj Youssef. Han er ein av dei mest sensible og djupt lyttande musikarar eg har møtt. Det er ingenting overfladisk, berre ein musikk så ærleg spelt at han får deg til å stogge heilt opp, lytte nærverande og la orda vente, seier Benedicte Maurseth.

Jasser Haj Youssef opnar opp heilt nye musikalske rom med sin viola d’amore. Han har sitt heilt eige moderne og orientalske uttrykk frå Nord-Afrika, som han blandar med sin jazz- og barokkbakgrunn. Benedicte er ein av dei dyktigaste og mest spanande og søkande hardingfelespelarane i landet. I møtet mellom desse framifrå musikarane får publikum oppleve ei unik toneverd som blandar nordisk tradisjonsmusikk med austleg, meditativ inspirasjon.

Benedicte Maurseth – hardingfele, vokal
Jasser Haj Youssef – viola d’amore

Tilbake til toppen

Design og kode | Dekode