Konsertkalender

«»
august 2017
MTOTFLS
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  

Tilbake til konsertkalenderen >

 

Legg til arrangement >

BAJAZZ: 9 GRADER NORD

13:00 4.mars, 2017 | Bergen Jazzforum i samarbeid med Oseana Kulturhus | Oseana Kulturhus | Os, Vestnorge

MIRA THIRUCHELVAM fløyte DIPHA THIRUCHELVAM vokal JAKOB SØNNESYN bass JAKOB SISSELSON HAMRE perkusjon

Ni gradar nord for ekvator finn vi øya Sri Lanka, der også halvparten av bandmedlemane har opphavet sitt. Med instrument som mellom anna bambusfløyte, tabla og cajon slår dei seg laus på ragaer frå A til Å. Det heile starta som fløyteduoen til søstrene Mira og Dipha, men har raskt ekspandert til ein kvartett der det står ganske så mange rytmar på spel. Energisk og mystisk blanding av baila, flamenco, Bollywood og jazz med stor evne til å krydre det musikalske kosthaldet i byen. Bandet har tidlegare spelt på RIFF og Vill Vill Vest.

Varer omlag 40 min.

Bajazz er Bergen Jazzforum sin populære konsertserie for barn og barnefamiliar. Målgruppa er frå spedbarn til ti år, og vi har som intensjon å tilby musikkopplevingar med kvalitetsmusikk for unge. Musikarane er profesjonelle, og legg vekt på ein open og musikalsk kommunikasjon med barnet. Bajazz har blitt gjennomført på USF Verftet i Bergen i over ti år, og i 2017 går turen til Oseana. Vi håpar å sjå mange store og små den fyrste laurdagen i kvar månad på Bajazz-konsert! Sjå arrangementsoversikta vår for å finne øvrige datoar våren 2017, i alt fire konsertar.

Tilbake til toppen

Design og kode | Dekode