Lørdag 08. apr 2017 kl. 12:30

Badnajazz: Morgonfrosken

Vossa Jazz / Voss kulturhus
Voss

For den spretne, nyfikne og undrande Morgonfrosken er ingen tema for store eller for små. Universet, einsemd og kjærleik går hand i hand med vêr og vind, fugl og frosk. Musikken er ei fin blanding av norsk folkemusikk, viser og pop, og tekstane er henta frå boka Når Morgonfrosken syng av Per Olav Kaldestad.

Med den eminente folkemusikaren Annlaug Børsheim i spissen har trioen spelt ei rekke konsertar dei siste åra, mellom anna på Førdefestivalen og Bajazz i Bergen. Hausten 2016 kom den fyrste plata til Morgonfrosken, med namnet «Og fjøla blei ein seglbåt og tanken blei ein vind». Den hausta mange godord frå både store og små tilhøyrarar.

Annlaug Børsheim – vokal, gitar, fele
Ingemund Askeland – banjo, klarinett, munnspel
Mari Skeie Ljones – fele

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev