Lørdag 15. okt 2016 kl. 20:00

Arild Andersen trio med Helge Lien – Jazz på Jølst 2016

Jølster Jazzklubb / Thon Jølster Hotel, Skei
Jølster

Ein av dei uvanlegaste og mest interessante jazztrioane som har dukka opp dei siste ti åra, er det internasjonale samarbeidet mellom meisterbassist Arild Andersen, den skotske saksofonisten Tommy Smith og «vår eigen» italienske perkusjonist Paolo Vinaccia.

Andersen danna trioen i 2007 med det klare målet å bryte ny mark i moderne jazz, og responsen lét ikkje vente på seg. Trioen blei fort kjend for å opptre med forbløffande kraft, presisjon og dynamikk og er no utvida med meisterpianist Helge Lien.

Arild Andersen – bass

Tommy Smith – saksofon

Paolo Vinaccia – perkusjon

Helge Lien – piano

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev