Fredag 14. okt 2016 kl. 21:00

ALFREDO RODRIGUEZ

Bergen Jazzforum i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter / Sardinen Usf
Bergen

Essensen av Cuba frå ungt kjempetalent

ALFREDO RODRIGUEZ piano REINIER ELIZARDE bass MICHAEL OLIVERA trommer

Alfredo Rodriguez var knapt fylt tjue då han vart invitert til å spela på Montreaux Jazz Festival, der han vart oppdaga av sjølvaste Quincy Jones, som seinare produserte debutalbumet hans. Han gjesta Bergen på Nattjazz i 2013, den gongen sat han nesten fyr på lokalet med den villaste versjonen av Guantanamera som nokon gong er framførd. Det formidable pianotalentet har ein distinkt stil der han blandar ekstremteknikk med varmblodig pasjon og lidenskap – resultatet er ein samansmelting av jazz og cubansk musikk der du ikkje veit om du skal måpa, dansa eller finna nokon å klina med. Med seg har han ein stødig rytmeseksjon som bidreg med krutt til fyrverkeriet.

Dørene åpner kl 20:00, konsertstart kl 21:00

Foto av Betsy Newman

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev