Søndag 30. aug 2015 kl. 19:30

1982-FESTIVALEN: Sigbjørn Apeland solo + 1982 feat. Fredrik Ljungkvist

Øyvind Jazzforum / Bergen Kjøtt
Bergen

SISTE DAG!

SIGBJØRN APELAND SOLO

Sigbjørn Apeland – øydelagte instrument, trøorgel

Sigbjørn følger opp sitt kritikarroste debutalbum Glossolalia (Hubro 2011) med ein sjelden solokonsert. Det nye prosjektet hans tek for seg øydelagte instrument!

1982 feat. FREDRIK LJUNGKVIST

Fredrik Ljungkvist – klarinett, saksofon
Nils Økland – hardingfele, fiolin
Sigbjørn Apeland – trøorgel
Øyvind Skarbø – trommer

Den svenske musikanten Fredrik Ljungkvist er ein av våre desiderte favorittar. Han hadde då også ei framtredande rolle på 1982 sitt siste album, A/B. No kjem han til oss rett frå turné med Atomic i Austerrike.
Mandag 31. august kl 12:00 gjev Fredrik ein masterclass på Griegakademiet. Denne er open for alle, musikar eller ei.

Dørene opnar 19.00
Konsertstart 19.30

1982-festivalen er trioen 1982 sitt bidrag til mangfald. I dagane 27-30 august inviterer bandet nye og gamle gjestar til samspel. Kunstnar Elisabeth Færøy Lund presenterer ei heilt spesiell fotoutstilling; Lund har fotografert dei ikoniske platecovera på samtlige av bandets fire utgjevingar. I samarbeid med Griegakademiet vert det masterclass med Fredrik Ljungkvist.

Det er lett servering av mat og drikke på alle konsertar.

1982-festivalen er støtta av Norsk kulturråd og Norsk jazzforum.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev