"Axis" cover
Jon Irabagon, John Hegre & Nils Are Drønen
"Axis"
Rune Grammofon

Velsmurt kaos

PLATE: Jon Irabagon, John Hegre og Nils Are Drønen rasar gjennom ein skog av musikalske idear, men mistar aldri synet av vegen.

New York-saxofonisten Jon Irabagon, til dømes kjend frå Mostly Other People Do The Killing, har for nokre år sidan tatt turen til Bergen og stifta bekjentskap med gitarist John Hegre og trommeslager Nils Are Drønen. Resultatet av samarbeidet deira er no ute i form av to livestrekk frå Berlin og Fukuoka i japan, på plata Axis, utgitt på Rune Grammofon. Irabagon er ein dyktig og velrennomert saxofonist og på papiret er trioen definitivt spennande!

På plate er førsteinntrykket kanskje litt meir kontrollert enn ein skulle tru, der Irabagon tek føringa gjennom nokre rolege minutt med melodiøse og seige fraser, forsiktig støtta av Hegre og Drønen. Gitarist John Hegre svarar og bygger opp ei stadig meir utfyllande stemme, og syner kanskje ei anna side som gitarist her enn det som er kjend for dei som assosierer han til støymusikk som Jazkamer. I trio med Irabagon og Drønen spelar han meir ordinær instrumentalimpro med klåre kompositoriske og strukturelle retningar.
Etter dei første, rolege minutta som bølgar litt hit og dit med omsyn intensitet blir vi brått kasta inn i eit nytt, meir utadvendt strekk, sjølv om det framleis er ganske oversiktigeleg og kontrollert dialog. Dei tre stemmene insisterer på kvar sine musikalske idéar som let seg utfolde side om side, der dei først og fremst hentar ein langsamt stigande intensitet frå kvarandre.
Samspelet er fascinerande. Etter kvart som uttrykket vert meir og meir massivt, og kanskje litt kaotisk, kjennast vegen dit heilt naturleg og logisk og ein lyttar konsentrert frå start. Nokre gongar er det ei slik parallell, synkron utvikling, medan strekket frå Fukuoka har eit godt døme på ein framifrå musikalske serve frå Hegre si side, der eit drivande ostinat fører musikken inn i eit nytt kapittel.

Alle tre har interessante, tydelege og klåre idéar undervegs, samtidig som Irabagon ofte ligg langt frame i lydbiletet og soleis får ei slags solistrolle. Akkurat det er litt synd, for Hegre sine bidrag er mange stader minst like interessante, men druknar litt bak saxofonen. Hegre syner teft både for melodiske og tematiske innslag, så vel som klanglege teksturar og rørsler som er heilt avgjerande for retninga musikken tek.

Det totale biletet av Axis er ein trio med sans for både ettertenksam dialog og utblåsningar, med stålkontroll heile vegen. Lydbiletet er kvast og sjølvsikkert, og dramaturgien er engasjerande. Dette er verdt mange gjennomlyttingar.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Country & Vosstern

Vi ser frem mot Vossa Jazz med Hanna Paulsberg og Ingrid Steinkopf, graver i en viss type roots-groove og lytter til Per Texas.

Meld deg på vårt nyhetsbrev