Mandaljazz 2017, fredag 30. juni

Roleg oppvarming til full fest

FESTIVAL: Fredagskvelden under årets Mandaljazz starta forsiktig, men Skrap og Trondheim Jazzorkester løfta det til ein jazzfest av beste sort.

Av: Olav Opsvik
Foto: Jens Westbye/Mandaljazz

Medan opningskvelden under årets Mandaljazz var ei spennande og eksperimentell affære, var programmet i byrjinga av fredagen hakket meir konvensjonelt og forsiktig.

Ein triveleg utekonsert med elevar frå musikklinjer i distriktet som deltek på talentutviklingsprogrammet til Universitetet i Agder, fulgt av rolege og fine konsertar frå Knut Riisnæs og Pixel, kjentes som forsiktig oppvarming då Skrap og Trondheim Jazzorkester opna ballet for alvor.

Solid innsats
Med eit festivalprogram prega av mest unge utøvarar, stakk Knut Riisnæs (71) og hans kvartett seg ut som noko litt anna. Riisnes har ein omfattande CV og leverte føreseieleg nok ein trygg og god start på det ordinære programmet denne fredagen.

I kvartetten har han med noko yngre, men vel så solide, utøvarar i Anders Aarum (piano), Jens Fossum (bass) og Hermund Nygård (trommer). På repertoaret var der eigne komposisjonar, utvalde standardlåtar og ikkje minst eit av John Scofields glansnummer, «Groove Elation». Alt blei gjennomført med stødig hand frå samtlege, og Riisnes sjølv gav solid innsats. Det er herleg å sjå eldre, erfarne musikarar som vågar å presse seg sjølv til det ytste slik Riisnes gjorde.

Forsiktig Pixel
I festivalteltet opna kvartetten Pixel, med Ellen Andrea Wang (bass og vokal), Harald Lassen (saxofon), Jonas Vemøy (trompet) og Jon Audun Baar (trommer), med låta «People Pleaser». Der syng Wang «aiming for perfection, but the target isn’t clear», og det summerer litt opp den største fallgruva i gruppa sin kombinasjon av jazz og pop. Ofte veit eg ikkje heilt kva eg skal eller burde forvente av Pixel.

Det er liten tvil om at kvartetten har god teft for reinskåren og gjennomført minimalisme, gode riff og melodiar. Når dei slår til med trestemte vokalarr og mjuke, sløye grooves er det ei svært behageleg og fin oppleving å sitje i publikum. Men jazzbiten av uttrykket kom ikkje til sin rett denne kvelden, følte eg.
Kanskje var det ikkje ein optimal gig for gruppa, men etter ein god time med silkemjuk minimalisme sakna eg dei skifta gir og volum og fekk det til å koke berre litt meir, eller at i alle fall ein av dei ofra litt svette i ein solo. Samtidig vert eg usikker på om det stadig er vanskeleg for dei å balansere på jazz/pop-aksa, mellom catchy melodiar og engasjerande improvisasjon. Akkurat denne kvelden blei det meir av det første og litt for lite av det siste.
Saken fortsetter under biletet.

Trondheim Jazzorkester og Skrap, Mandaljazz 2017 (foto: Jens Westbye/Mandaljazz))
Trondheim Jazzorkester og Skrap, Mandaljazz 2017 (foto: Jens Westbye/Mandaljazz)

Full fest med Skrap og Trondheim Jazzorkester
Det stod ikkje på entusiasmen då arrangøren introduserte Skrap som «Norges kulaste duo» med «Norges kulaste band» i deira samansetting av Trondheim Jazzorkester (han fekk også slengt inn at han representerte «Norges kulaste festival»), og i løpet av den timen dei brukte på å framføre sitt verk Antropocen, var eg heilt klart tilbøyeleg til å vere einig.

Antropocen er eit alt for omfattande og samansett verk til at eg kan gi ei god nok og fullstendig skildring her, men eg kan berre byrje med å konstatere at her har Anja Lauvdal og Heida Mobeck i Skrap klart å skape eit stykke musikk som gir deg mest alt du kan ynskje deg av moderne kunst.

«Antropocen» er eit foreslått omgrep for den geologiske epoka vi no er inne i, der menneskeleg aktivitet, særskild etter industrirevolusjonen, pregar jordas overflate. Det er ikkje lite ambisiøst å skulle reflektere over denne tilstanden gjennom eit stykke musikk, og Skrap stoppar heller ikkje der. I løpet av verket får vi halvironiske referansar til sjølvrealiseringshysteri, framandgjering og all mogleg anna absurditet vi kan finne i det (post-?)-postmoderne samfunnet.

Med eit referansespekter servert i ein karusell av ein anna verden, både tekstleg og musikalsk, er det ikkje berre imponerande at Lauvdal og Mobeck får det heile til å henge saman, men at det blir så kul og fin musikk av det!

Heida Mobeck og  Roohey Taalah (foto: Jens Westbye/Mandaljazz)
Heida Mobeck og
Roohey Taalah (foto: Jens Westbye/Mandaljazz)

Komikk i fullt alvor
I løpet av timen konserten varte tok eg meg sjølv i både måpe og fnise. Eit sekund kan det minne om Toto, i det neste om moderne hiphop à la J Dilla før det går inn i heseblesande fri improvisasjon og klanglandskap som minner om tidleg 1900-tals modernisme.
Det er sløye beats, vakre akkordprogresjonar, entusiastisk soul-vokal, feite saxofonkor og ikkje minst ein nærast parodisk scatte-rant frå Rohey Taalah, som verkeleg ikkje legg noko i mellom. Taalah sin innsats er eit godt døme på korleis dette her faktisk klarar å fungere som eit samanhengande stykke musikk, som er både seriøst og komisk på same tid. For medan soloen hennar hadde rikeleg med humor og sjølvironi, gjorde ho det også heilhjerta og skikkeleg bra!
Som publikumar vil ein kanskje rynke litt på nasa og fnise litt, men må også ganske raskt innrømme at ein skikkeleg hefti scatte-solo gan vere ganske fett.

Kvelden på Mandaljazz verka det meste å stemme for Skrap og Trondheim Jazzorkester, og det er heilt tydeleg at samtlege musikarar har det svært moro med å spele og med å lytte til kvarandre.
Med eit så solid verk, ei så solid samansetting av unge, dedikerte musikarar, som har det så fint saman, kan ein som publikum ikkje be om stort meir.

Olav Opsvik

Mandaljazz 2017 avsluttast med Christian Wallumrød Ensemble, Rohey, Ola Kvernberg – Steamdome og Stian Westerhus i dag, laurdag 1. juli.

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Country & Vosstern

Vi ser frem mot Vossa Jazz med Hanna Paulsberg og Ingrid Steinkopf, graver i en viss type roots-groove og lytter til Per Texas.

Meld deg på vårt nyhetsbrev