Gurls - Oslo Jazzfestival, Hvelvet, Sentralen, 18. august 2017

Gurl power

KONSERT: Under første kveld med «Åpent hus» på Sentralen, fekk Gurls ei av dei minste scenene. Men eg trur deira konsert vil bli hugsa lengst.

foto: Ragna Elise Skjermo Iversen/Oslo Jazzfestival

Om ein skal nytte omgrepet «supergruppe» om nokon i norsk jazz, er Gurls ein soleklar kandidat til den merkelappen, både før og no. Trioen, med saxofonist Hanna Paulsberg i spissen, flankert av Ellen Andrea Wang på bass, hadde tidlegare Emilie Nicolas på vokal. Der har du tre namn som har sett sitt preg på norsk musikkliv dei siste åra. Og det var fett også. Du kan høyre korleis det lét på Souncloud.
No er Nicolas ute, og ho har det neppe vore enkelt å erstatte. Men heller enn å finne ein erstattar med det samme uttrykket (som naturleg nok ville vore umogleg), har Paulsberg og Wang no fått med seg stjerneskotet Rohey Taalah, som har hausta lovord i inn- og utland for platedebutanten Rohey det siste året. Taalah har ei ganske anna framtoning og stil enn Nicolas, men vel så sterkt særpreg på sin måte.
Saka held fram under biletet.

"Supergruppe", fra venstre: Hanna Paulsberg, Rohey Tahlaa og Ellen Andrea Wang. (foto: Ragna Elise Skjermo Iversen/Oslo Jazzfestival)
«Supergruppe», fra venstre: Hanna Paulsberg, Rohey Taalah og Ellen Andrea Wang. Bak, på trommer: gjestemusiker Henrik Lødøen. (foto: Ragna Elise Skjermo Iversen/Oslo Jazzfestival)

Under Oslojazz, i det gamle bankkvelvet på Sentralen, hadde denne relativt nye konstellasjonen faktisk sin Oslodebut. Og for ein debut det var! Gurls spelar låtar skrive av Paulsberg, og låtane handlar hovudsakleg om alle moglege slags gutar Paulsberg har vore forelska i. Som låtskrivar meistrar ho heile den paletten godt: Her var det sørgeleg og desperat sjølvironi, sexy og drøye forslag og vakre, melankolske bruddlåtar.
Wang og Paulsberg fungerte som solid komp og koristar, og bidrog med sin del av sjarm og humor undervegs. Eit høgdepunkt var heilt klart då Paulsberg fleska til med ein rap om kor fett det faktisk er å vere musikar – trass alle motforestillingar frå foreldre og andre keisame vaksne.
Men på denne konserten var det nok vokalisten som fekk den aller mest sentrale rolla som formidlar. Taalah har eit fantastisk spekter av uttrykk, både med omsyn til tonehøgde, klang og ikkje minst eit vell av grimasjar ho er i stand til å supplere med. Når ho først vert inspirert (og det skal tydelegvis ikkje så alt for mykje til) er det umogleg å ikkje late seg rive med, og stemninga i salen var eit solid bevis på at eg ikkje var åleine om denne kjensla.

«Hvelvet» på Sentralen er ein kul konsertstad, om enn allereie litt for liten for denne trioen. Men det passa godt med såpass klam og svett stemning etter at desse tre hadde gjort seg ferdig med oss.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

OJKOS spiller: Andrine Dyblie Erdal - Victoria, Nasjonal jazzscene - 23. april 2024

Prima fra ungdommen

Andrine Dyblie Erdals komposisjoner gir OJKOS nye numre og adresser å levere på.

Meld deg på vårt nyhetsbrev