Eyolf Dale Wolf Valley
Oslo Jazzfestival, Nasjonal jazzscene Victoria, 17. august 2017

Eyolfs A-lag

KONSERT: I Wolf Valley har Eyolf Dale plukka ut dei musikarane han sjølv ville sett på øvste hylle. Det måtte bli eit strålande ensemble, men eg saknar likevel at det kjennast meir som eit band.

Foto: Stein Hødnebø/Oslo Jazzfestival

Då pianist Eyolf Dale kom med albumet Wolf Valley i 2016, med sitt eige åttemannsensemble, var det mange som blei begeistra, inkludert meg sjølv. Dale, som kanskje er mest kjend for sitt langvarige duo-samarbeid med André Roligheten i Albatrosh, har vist oss kva han kan gjere med større ensembler då nettopp den duoen arbeida med Trondheim Jazzorkester.

Dale har øyrer for intrikate og vakre komposisjonar og skuffar sjeldan. Det gjorde han heller ikkje torsdag kveld då han tok med seg Wolf Valley-ensemblet til Nasjonal Jazzscene under Oslo jazzfestival. På opningslåta, «Fernanda», kjem der pulserande rytmer frå vibrafonen til Rob Waring og Dales piano som kan minne om minimalistar som Steve Reich. Men i det den elegant synkoperte basslinja utkrystaliserer seg og resten av gruppa legg seg på er det eit tydeleg, moderne jazzuttrykk som kjem fram.
I komposisjonane til Eyolf Dale er der nærast ingenting som skurrar. Dei smyg seg ut i rommet og du kan sjå på den rake ryggen til bandleiaren at her har alle full kontroll. Der er nokre frekke rytmer her og der, men det klåraste elementet for meg under gårsdagens konsert vart dei harmoniske progresjonane og måten kvar einskild ensemblemedlem surfa saumlaust gjennom desse då dei fekk sin tur som solistar.
Slik skapte Dale og hans Wolf Valley ei mjuk og god konsertoppleving, med eit imponerande, velklingande ensemble. Låtar som «Furet» og «Ban Joe» sit godt festa mellom øyrene også dagen derpå, og det kjennest heilt fint.
Saken fortsetter under bildet.

Eyolf Dale Wolf Valley (foto: Stein Hødnebø/Oslo Jazzfestival)
Eyolf Dale Wolf Valley (foto: Stein Hødnebø/Oslo Jazzfestival)

Men, i festivalprogrammet står der at eit av måla for Dale var å operere i eit større format utan å miste «bandfølelsen». Eg kan forstå kva han meinte med det, for akkurat den kjensla sakna eg faktisk litt under denne konserten.
Opp i alt det vakre, saumlause og perfekte, kunne denne konstellasjonen hatt god bruk for ein solist eller to som tok det berre litt lengre, og kanskje til og med litt for langt, slik at dei i alle fall i nokre sekund blei ført inn i ukjent terreng. Det trur eg dei alle har kapasitet til å skape noko flott ut av.
Eg trur også at dette er eit prosjekt med mange år framføre seg, og ser fram til nytt album og nye konsertar der dei vonleg prøvar å setje kvarandre litt meir ut av spel.

Olav Opsvik

Oslo Jazzfestival held fram til 19. august.

Fra forsiden

Nyhet

Gjenforenes på åpningen av OsloJazz

Legendariske Masqualero gjenforenes med åpningskonserten på Oslo Jazzfestival i Operaen søndag 11. august. - Dette blir en kveld for den norske jazzhistorieboka, sier festivalsjef Line Juul.

Nyhet

Jaga Jazzist åpner Victoria-høsten

Jaga Jazzist sesongåpner Nasjonal jazzscene i Oslo med to konserter, fredag og lørdag 30. og 31. august. - Vi har den store gleden av å åpne høstsesongen med et band vi har ønsket på scenen siden vi flyttet inn på Victoria, sier direktør Øyvind Larsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev