NMH Eksamensfestival, Nasjonal jazzscene - 23.mai 2016 cover
NMH Eksamensfestival, Nasjonal jazzscene - 23.mai 2016

FESTIVAL: Dei to første kandidatane som fekk boltre seg på Nasjonal jazzscene under Norges Musikkhøgskoles eksamensfestival var truleg noko atypiske i forhold til det vi har i vente. Men dei var uvanlege på heilt ulike måtar.

på bildet over: saksofonist Magnus Bakken og Ninjabeat (foto: Olav Opsvik)

Eit av dei aller beste konserttilboda for jazzfans i hovudstaden går føre seg dei neste to vekene. Norges Musikkhøgskoles «Jazzeksamensfestival» ved Nasjonal jazzscene presenterer både kandidatar frå årsstudiet i utøvande musikkteknologi og bachelor- og masterkandidatar i utøvande jazz eller anna rytmisk musikk.

Nordisk komponist
Men første kandidat ut i eksamensfestivalen, trompetist Vegard Kvamme Holum, fell ikkje heilt innanfor kategoriane over. Holum fullførte måndag kveld sitt masterstudie innanfor programmet Nordic Master: The Composing Musician, der han har gjennomført semester i både København og Göteborg i tillegg til Oslo.
Ein slags tittel som «nordisk komponist» står godt i stil med konserten Holum og hans medmusikarar gjennomførte. Som komponist og bandleiar braut Holum med dei fleste forventingar og har sett saman eit svært eklektisk program.

Saman med Sigurd Ytre-Arne, som stod for både visuelle effektar og elektronisk lydmanipulering i form av live-sampling og effektar, og den slovakiske trommeslagaren Michaela Antalova (som snart tek til med sitt andre år på Norges musikkhøgskole), starta han forsiktig med ein statisk og minimalistisk, elektronisk beat, og bygde sakte opp tepper av klang og diskrét støy. Antalova leika seg frisinna med og rundt pulsen og fekk på mange måtar ei solistisk rolle som kledde henne godt.
Etter ei god stund gjekk også saksofonist Harald Lassen, bassist Joel Ring, gitarist David Aleksander Sjølie, pianist Kristian Wentzel og ikkje minst sangar Frida Ånnevik på scena, og ganske raskt var gruppa transformert til ei ganske hip popgruppe. Ånnevik sang ein fin, sjølvskriven tekst om lengsle – etter både nærleik og det å reise vekk og kome på avstand. «Jeg dras mot dem som drar», sang ho, lågmælt, men med sterkt nærvere og naken formidling.
Kompet rundt, og då spesielt gitarist Sjølie, saksofonist Lassen og Holum sjølv, bidrog til eit rikt og tett komp rundt Ånneviks tekstar og melodiar, før gruppa igjen blei redusert til ein improviserande klangteppetrio i påvente av neste avdeling frå songaren.
Slik bygde Holum ein konsert av små, kontrasterande kapittel, der den meditative kverninga på korte samples og klangtepper nærast gjekk inn i ein statisk sirkel før Ånnevik og resten kom opp og skapte sterkare retning i musikken. Eit smart, men også akkurat passe risikofylt kompositorisk og improvisatorisk prosjekt frå Holum. Gratulerer!

Tradisjonell fusion
Neste kandidat skulle også vise seg å gå for litt andre val enn det ein som regel ser frå Norske jazzstudentar. Saksofonist Magnus Bakken inviterte til konsert saman med resten av funk- og fusionbandet Ninjabeat under slagordet «Groovy musikk, heftige komposisjoner, masse trøkk!», og markerte seg dermed som meir av ein tradisjonsbærar.
Gruppa, som Bakken leiar saman med bassist Bo Berg, er ein solid gjeng av musikarar med bakgrunn frå mange ulike pop-, soul-, funk- og fusion-samanhengar, i tillegg til meir eksperimentelle prosjekt som til dømes Shining.
Musikken som Ninjabeat spelte måndag kveld var av den relativt meir tradisjonelle arten, i alle fall i ein moderne samanheng. Groovy funk- og fusion-låtar slik vi kjenner den frå 70- og 80-talsgrupper som til dømes Spyro Gyra og Tower of Power blei gjennomført på rekke og rad, med ein naturleg fokus på Bakken som bandleiar og mest brukte solist i denne samanhengen.
Den umiddelbare reaksjonen min var at dette var morosamt – ekte åttitalsfusion spelt av erfarne og dyktige musikarar! Og eit par av saksofonsoloane støtta opp av ein solid rytmeseksjon var unekteleg underhaldande. I byrjinga.
Men der er diverre noko svært datert og museumsaktig over denne musikken. Ingen freistar å bryte ut av dei føreseielege og konvensjonelle rammene, og kvar einaste komposisjon høyrest ut som tusen andre ting alle i salen har høyrt før. Det er lov det – men det blir ganske kjedeleg samanlikna med alt det andre musikkhøgskulen har å by på i løpet av dagane framover.

Norges musikkhøgskoles Jazzeksamensfestival går føre seg frå 23. mai til 5. juni ved Nasjonal Jazzscene.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Nyhet

Gjenforenes på åpningen av OsloJazz

Legendariske Masqualero gjenforenes med åpningskonserten på Oslo Jazzfestival i Operaen søndag 11. august. - Dette blir en kveld for den norske jazzhistorieboka, sier festivalsjef Line Juul.

Nyhet

Jaga Jazzist åpner Victoria-høsten

Jaga Jazzist sesongåpner Nasjonal jazzscene i Oslo med to konserter, fredag og lørdag 30. og 31. august. - Vi har den store gleden av å åpne høstsesongen med et band vi har ønsket på scenen siden vi flyttet inn på Victoria, sier direktør Øyvind Larsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev