Intervju

Frå melodiøs perfeksjon til fri flyt

Då Elin Rosseland fekk tildelt oppdraget som kapellmeister ved Kampenjazz visste ho nøyaktig kva ho ville vise fram.

Foto: Helge Andreas Nordbakken

 

Mellom det rike tilbodet av jazzkonsertar i Oslo har Kampenjazz ved Caféteateret på Grønland gjort seg merka med sitt konsept residerende kapellmester. Gjennom februar er vokalist, komponist og ikkje minst ein av Norges fremste (jazz)vokalpedagogar, Elin Rosseland, fjerdemann i rekka. Gjennom dei tre siste søndagane i februar vil ho vise fram dei prosjekta som er viktigast for henne nett no.

 

– Då Kampenjazz kontakta meg får eit år sidan var det sjølvsagt veldig hyggjeleg, og kanskje litt skummelt, fortel Rosseland over telefonen, berre dagar før første konsert går av stabelen. Ho visste nøyaktig kva ho ville gjere: – Eg sa til dei med ein gang, at då blir det først duo med Rob Waring, så kvintetten min den andre kvelden og Oslo 14 den siste.

 

Samarbeidspartnarar i snart 30 år

Førstkomande søndag, 12. februar, er det altså duokonsert med vibrafonist Rob Waring, ein langvarig samarbeidspartner for Rosseland.

 

– Rob og eg har kjent kvarandre i snart 30 år, sidan vi begge var ein del av Søyr på åttitalet. Seinare har vi også hatt ein trio med Mats Eilertsen, og gav ut vår siste plate med den for ti år sidan. For nokre år sidan fekk vi idéen om å gå saman som duo, forklarar Rosseland, og fortel at dei to møtast i felles referansar som kryssar mellom både klassisk musikk, samtidsmusikk og jazz.
– At vi har den miksen til felles gjer det veldig gøy å jobbe med Rob. Då kan begge to kome med dei særaste idéar og alt er berre ålreit. I tillegg til at vi alltid har jobba veldig godt saman passar klangen frå vibrafonen og stemma mi godt saman, fortel ho.

 

Publikum kan vente seg musikk i eit ope landskap, der sjangergrenser har lita betydning.
– Det som er nytt no er at vi begge brukar litt elektronikk. Elles blir det ei blanding av kjent og ukjent materiale, med standardlåtar i ganske variert pakning, i tillegg til ein del av mine eigne låtar som vi har jobba med også i tidlegare prosjekt.

 

Melodiøs perfeksjon

Andre konsert i rekka blir med Rosseland Kvintett, som blei starta i 2014. Med seg på laget har ho pianist Jørn Øien og saxofonist Shannon Mowday, medan Mats Eilertsen og Knut Aalefjær vikarierer for Jo Skaansar og Jakob Janssønn på høvesvis bass og trommer.

 

– Det eg har lagt opp til den kvelden er kanskje litt nærmare ein tradisjonell, akustisk kvintett. Halvparten av repertoaret er heilt nytt, som eg akkurat har gjort ferdig. Det blir veldig gøy!, seier ho entusiastisk.

 

I arbeidet med kvintetten forklarar Rosseland at ho har ei noko meir melodisk åre som utgangspunkt og trekk fram referanser og inspirasjonskjelder som Kenny Wheeler, Norma Winstone og John Taylor.

 

– Eg jobbar veldig intuitivt med desse låtane. Nokre av dei har eg berre spelt inn og så skrive det rett ned. Det har gått veldig fort, og har vore veldig gøy! Det blir ganske typisk mitt uttrykk, trur eg vi kan seie. I det materialet er eg veldig oppteken av fine akkordar og er heile tida på leiting etter den optimale forma, forklarar Rosseland. – Vonleg blir det veldig vakkert!

Elles fortel Rosseland at ho vil prioritere arbeid med kvintetten i tida som kjem, medan andre prosjekt vil krevje mindre tid og ho har ein del permisjon frå sitt virke som pedagog.

– Eg vonar verkeleg det kan bli ei plate av det her, seier ho.

 

Siste konsert med Oslo 14

Då Elin Rosseland i si tid var student på Norges musikkhøgskole var det først klassisk piano som var hennar hovudinstrument. Men siste året bytta ho til jazzvokal og blei soleis, i 1984, den første uteksaminerte jazzvokalisten frå høgskulen. Sidan den gang har ho utdanna utallige songarar, og i 2014 sette ho saman vokalensemblet Oslo 14 med fleire av studentane ho har hatt, i hovudsak ved Musikkhøgskolen og Unviersitetet i Stavanger.

 

– Tanken med Oslo 14 var i utgangspunktet at det skulle vere eit ensemble med rullerande medlemmar, både for songarane og kunstnarleg leiar. Så konserten i slutten av feburar blir faktisk min siste konsert som kunstnarleg leiar, fortel ho. No har songar og komponist Andreas Backer tatt over det kunstnarlege ansvaret, medan Rosseland skal halde seg meir i kulissene. Backer har allereie gjennomført sin første konsert med ensemblet. Men Rosseland utelukkar ikkje at ho kjem inn igjen som kunstnarleg leiar på eit seinare tidspunkt.

Oslo 14 har hatt allereie hatt ei rekkje spennande oppdrag sidan oppstarten for drøye to år sidan, som til dømes debutkonserten med Susanna Wallumrød, og hyllestkonserten for John Coltrane saman med sjølvaste JøKleBa ved Oslo Jazzfestival i 2015.

 

– Det har vore nesten overraskande mange jobbar med ensemblet dei første åra, og det har gått veldig bra. Framover trur eg det vil bli konsentrert enno meir om fri improvisasjon, som var intensjonen i utgangspunktet, og mindre komponert materiale i forhold til kva det har vore til no.

 

Eit unikt vokalensemble

Og slik blir det også når Rosseland gjennomfører sin førebels siste konsert med ensemblet 26. november.

 

– Då skal vi kun improvisere. Eg kjem til å lage nokre små rammer for konserten, men sidan det er min siste konsert tenkte eg vi berre skulle ha det kjempegøy og verkeleg fokusere på improvisasjon, fortel ho.

 

Antalet songarar varierer litt frå konsert til konsert, og på det meste har dei vore 23 medlemmar. At så mange songarar går saman og improviserer fritt er unikt, og ein skulle tru det også er ganske krevjande?

 

– For at det skal fungere har det vore viktig at songarane har ein del felles i botnen, og soleis har det vore ein fordel at alle har vore studentar hjå meg. I tillegg har det vore slik for alle som har blitt med at vi har gjort det klart for dei at i dette prosjektet må ein vere open for det meste, forklarar Rosseland.

 

Publikum som finn vegen til Kampenjazz dei tre neste søndagane gjer vel å stille med same instilling.

 

Elin Rosseland er residerende kapellmester ved Kampenjazz i februar, og holder konserter dei tre neste søndagane. Elin Rosseland & Rob Waring Duo spelar 12. februar, Rosseland Kvintett 19. februar og Oslo 14 avsluttar 26. februar.

Fra forsiden

Nyheter

Nasjonal kulturkonferanse på Voss

Sentrale kulturaktører og -politikere samles på åpningsdagen av Vossa Jazz, fredag 22. mars, for den årlige kulturkonferansen. Musikkens verdi er tema for årets konferanse "Kreativ verdivurdering - bygd for kultur".

Meld deg på vårt nyhetsbrev