Intervju

Hannas draumekvintett

INTERVJU: Hanna Paulsberg går ei spanande veke i møte når ho inntek norske jazzscener saman med sin draumekvintett.

På bildet over: Hanna Paulsberg og Bobo Stenson.

Ho hugsar ikkje heilt om det er to eller tre år sidan ho tenkte «Ein kan jo berre prøve!» og slo på tråden til ein av nordens aller mest profilerte og akta jazzpianistar. – Eg ringte og sa noko slikt som: «Hei, eg heiter Hanna Paulsberg. Eg spelar saxofon. Eg er frå Norge og lurte på om du har lyst å spele saman», fortel Paulsberg når vi møtest ved Cafékontoret, like ved øvingslokalet hennar, berre nokre dagar før sjølvaste Bobo Stenson faktisk kjem til byen for å førebu fire konsertar saman med henne og ein kvintett ho har handplukka.

Den gangen ho ringte for nokre år sidan gjekk det ikkje fullt så bra. Først verka det som Stenson ikkje forstod heilt kva ho ville, og dessutan var han ganske oppteken. Men når dagleg leiar ved Nasjonal jazzscene, Jan Ole Otnæs, gav ho tilbodet om å setje saman ei valfri gruppe og skrive ny musikk til konsertar i Oslo og andre stadar, såg ho ei ny moglegheit. Med litt hjelp frå nemnte jazzscenesjef fekk ho Stenson med på laget og er klar for fire konsertar med draumekvintetten denne veka, i Eidsvoll, Oslo, Moss og Bodø.

Nye møter og gamle kjenningar
Kvintetten Paulsberg har sett saman består elles av Mats Eilertsen på bass, Hans Hulbækmo på trommer og britiske Laurda Jurd på trompet. Soleis er kvintetten ei blanding av gamle kjenningar og nye møte mellom storarta musikarar.
Den mest ukjende, både for resten av gruppa og det norske publikummet, må vere Jurd. Korleis kom Paulsberg på å spørje henne?

– Der var nokre kompisar av meg som hadde spelt med henne og fortalte at ho spelte sinnsjukt fint, og då blei eg nysgjerrig. Eg vert alltid nysgjerrig på jenter som er bra, ganske enkelt fordi der ikkje er så mange av dei, fortel Paulsberg, utan at ho vil kaste seg inn i ein lengre debatt om kvinner i jazzen.
– Eg spelar jo stort sett med gutar, og går ikkje rundt og lid av den grunn, men det er hyggeleg å løfte fram dei jentene som markerer seg, forklarar ho. – Og Laura er kjempekul, dyktig og dessutan skriv ho fin musikk òg, så eg har jo hatt lyst til å gjere noko saman med henne lenge. Ho er i full fart oppover. BBC satsar på henne og ho spelar med masse bra folk, fortel Paulsberg. Med andre ord har publikum ei gyllen moglegheit til å oppdage eit stortalent.

Trygg rytmeseksjon
Rytmeseksjonen med Eilertsen og Hulbækmo må seiast å vere solid, og medan Paulsberg og Hulbækmo har vore kollegaer i lengre tid, mellom anna i Hanna Paulsberg Concept, er Eilertsen godt kjent med den svenske hovudattraksjonen både i Bobo Stenson trio og andre samanhengar.
– Eg hadde tenkt på Mats frå byrjinga, men når Bobo også foreslo han var det eit lett val. Sjølv har eg spelt med han i Trondheim Jazzorkester, men ikkje i ein meir intim konstellasjon som dette. Så det synest eg er veldig gøy, for han er jo fantastisk!, slår ho fast. Hulbækmo framstår kanskje som det aller tryggaste valet i kvintetten. – Hans har den x-faktoren som han tilfører, og så er det eit poeng at vi kjenner kvarandre godt. Han forstår korleis eg tenkjer, og eg veit at han kjem til å spele slik som eg vil.

Kjølig eleganse
Med desse tre på plass høyrest det allereie ut som ei solid gruppe, der Stenson vert sjølve kruna på verket. Paulsberg har trua på at det vil bli verdifulle, musikalske møter.
– Eg trur Bobo vil synest det er velidg morosamt å spele med Hans, fortel ho.
– Sjølv har eg på ein måte min base i den amerikanske jazzen. Og Bobo har jo også tilknyting til den tradisjonen. Men han har også ein kjølig europeisk eleganse over den som eg diggar, og så har eg tenkt at det kan passe veldig bra med oss to, forklarar ho. – Og så er det jo sjølvsagt veldig kult å spele med ei levande legende!

Med støtta frå Nasjonal Jazzscene har Paulsberg hatt høve til å skrive musikk skreddarsydd for konstellasjonen ho har sett seg føre. Men ho understreker at dette ikkje er eit typisk bestillingsverk, slik ein gjerne opplever gjennom festivalsesongen.
– Det var litt viktig for meg at dette ikkje skulle vere eit «verk», men ein meir ordinær konsert med mine låtar. Eg har skrive den musikken som kom til meg i løpet av prosessen, og så tenkjer eg så enkelt som at vi er musikarar som skal skape noko saman utifrå det, forklarar ho.

Krevjande prosess
Så kva kan vi vente oss? Sjølv om Paulsberg ikkje har behandla dette som eit bestillingsverk er det krevjande å skrive musikk på bestilling. I tillegg er der avgrensa tid til øving for gruppa.
– Difor har eg prøvd å skrive musikk som ikkje er alt for gjennomkomponert. Det har vore ganske utfordrande å skrive denne musikken. I januar hadde eg sett av ein del tid til å skrive, men eg klarte berre å skvise ut eit par låtar, fortel ho.
Utover våren har ho sluppe plata med Hanna Paulsberg Concept og hatt ein del andre ting å tenkje på.
– Så i mellomtida har det kome litt i små drypp, medan eg har skrive ganske mykje dei siste ekene no i forkant, forklarar ho. Resultatet har blitt typisk Hanna. – Det har blitt til ni låtar, så får vi sjå om alle fungerer i gruppa. Låtane er litt typisk meg: Barnslige og leikne. Musikken er ikkje særskild «fri», men eg har lagt opp til at kvar enkelt må ta plass, slik at vi kan gjere det levande i fellesskap.

Høg puls
– Korleis er det for ein saxofonist å skrive ut arrangement til ein så erfaren og høgt akta pianist som Stenson?
– Eg har skrive nokre forslag han kan ta føre seg viss han vil, men eg har tenkt at når ein spelar med ein pianist som Bobo, så trenger ein eigentleg ikkje å legge så mange føringar, fortel ho.
Når ein slik draum, som det vil vere for dei fleste å spele med ein musiker som Bobo Stenson, vert verkeleg, må vi også spørje: – Er du nervøs?
– Ja!, svarar ho kontant. Pulsen er ganske høg om dagen, altså. Eg har fått pengar til å gjennomføre det her, og eg kjenner på forventingane folk må ha. Men samtidig er eg veldig glad og takksam for at eg har fått moglegheita.

Vi som følger Paulsberg frå sidelinja er neppe like nervøse på hennar vegne. Med solide utgjevingar og utmerkingar bak seg er saxofonisten godt planta blant dei beste, unge musikarane i landet. Ho takkar gode kollegaer for at ho har fått utvikla seg til ein stadig sterkare og sjølvsikker artist, men er likevel audmjuk før ho no skal gå inn i samarbeidet med Stenson.
– Eg tenkjer at dette er ei moglegheit for meg til å vekse masse. Og samme kor nervøs ein måtte bli: Når ein har høve til å spele med folk som er så bra, så må ein jo berre gjere det!, slår ho fast.

Ein nasjonal aktør
Med denne bestilte konserten er Hanna Paulsberg den første som får æra av å gjeste det som truleg vil bli eit årleg konsept ved Nasjonal Jazzscene, der arrangøren også finansierer framføringar andre stadar i landet.
– Nasjonal Jazzscene har tidlegare sørga for å syne fram bestillingsverk gjort ved norske jazzfestivalar, og vil halde fram med dette. Men vi ynskjer også å ha ei rolle som produsent, og ta eit nasjonalt ansvar ved å tilby slike produksjonar til jazzklubbar rundtom i landet, forklarar dagleg leiar Jan Ole Otnæs.

Hanna Paulsbergs kvintett med Bobo Stenson gjer konsertar i Eidsvoll, Oslo, Moss og Bodø 21.-24. september.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Vossa Jazz 2024 - dag 3

Mowday! Mowday!

FESTIVAL: Ekstatisk, politisk og rørende verk fra underkjente Shannon Mowday toppet årets Vossa Jazz. Les Audun Vingers siste rapport fra festivalen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev